Fjernhjelp
Rask og effektiv nettbasert dataservice.
Fjernhjelp
• Kontakt oss for å settje i gang.
Fjernhjelp er ei enkel, effektiv og nettbasert teneste der me
loggar inn på kundemaskinar frå eigne lokale, medan kunden kan
lena seg tilbake i stolen og sjå på at jobben vert gjort. Så sant
internett er oppe og går er dette ei praktisk løysing.
Sikkerhet
Noko av det viktigaste for Tysnes Data er sikkerhet, og me legg
stor vekt på enkle og trygge løysingar.
Me brukar TeamViewer i arbeidet for fleire av kundane våre.
Nedanfor kan du lesa kva som gjer Tysnes Data til ei trygg og
effektiv løysing for nettbasert IT-support.
Kvalitetsstempel
TeamViewer er av Bundesverband der IT-Sachverständigen
und Gutachter e.V. (BISG e.V.) i Tyskland, blitt tildelt
kvalitestsstempelet med fem stjerner, som er maksimal verdi. Dei
uavhengige ekspertane i BISG e.V. testar produkta til kvalifiserte
produsentar når det gjeld kvalitets-, sikkerhets- og
serviceeigenskapar.
Sertifisering
TeamViewer GmbH driv som eit av dei få tilbydarane på
markedet - eit sertifisert kvalitetssytem, ifølge ISO 9001. Våre
produkt og løysingar er såleis sertifiserte etter internasjonale
anerkjente standarder.
Sikkerhetsinspeksjon
TeamViewer er sikkerhetsinspisert av det tyske selskapet
FIDUCIA IT AG (leverandør av IT-tenester for ca. 800 tyske bankar)
og er godkjend til bruk på arbeidsstasjoner i bankar.
Kryptering
TeamViewer arbeider med full kryptering (på grunnlag av
RSA Public-/Private Key Exchange og AES (256 bit) Session
Encoding). Denne teknikken vert også brukt ved https/SSL og blir i
dag sett på som fullstendig sikker ut frå dagens tekniske nivå.
Sidan Private Key aldri forlet kundemaskina, sikrar metoden at
damaskinar som er kopla mellom på Internett ikkje kan dekoda
datastraumen. Dette gjeld òg for TeamViewer sin routingserver.
Tilgangssikring
I tillegg til automatisk generert partnar-ID, genererer
TeamViewer eit dynamisk passord for den aktuelle økta. Dette
passordet endrar seg i standardinstallinga etter kvar oppstart (av
TeamViewer) og gjer dermed betre sikkerhet mot uønskt tilgang til
systemet. Viktige tilleggsfunksjonar som filoverføring krev ei
ekstra, manuell bekrefting frå brukaren (kunden). Dessutan er det
generelt ikkje mogleg å kontrollera ei datamaskin med TeamViewer
utan å bli oppdaga, då brukaren av den eksterne maskina
(kundemaskina) vil vera informert om tilgongen.